Klipte snora: – Me erklærer eit vellykka prosjekt for gjennomført, sa snorklipparane. F.v.: Øystein Jonhaugen (byggeleiar), Lars Tarald Myrum (ordførar i Valle), Steinar Bergstøl Andersen (utvalsleiar for samferdsel i Agder), Arne Thomassen (fylkesordførar i Agder), Anne-Nora Oma Dahle (hovudutvalsleiar for samferdsel i Telemark), Jarand Felland (ordførar i Tokke) og Olav Åge Askje (entreprenør).
Ingrid Byggland
Samarbeidsprosjekt til 105 millionar: Nye skredvollar gir tryggare køyreforhold
Tryggleiken for dei som ferdast langs fylkesveg 450 mellom Agder og Telemark er betra med nye skredvollar som skal sikre dei mest rasutsette stadane langs vegen.
Tidlegare har fylkesvegen ofte måtta blitt stengd, anten fordi det har gått snøskred, eller fordi faren for skred har vore stor. Dei nye skredvollane vil gjere trafikktryggleiken monaleg betre for dei vegfarande.
Den omfattande oppgraderinga starta i 2021 og har halde på eitt år lenger enn planlagt, som fylgje av behovet for ekstra fjellsikring og vanskelege arbeidsforhold vinterstid.
Onsdag vart vegen offisielt opna av representantar frå både Telemark og Agder fylkeskommunar.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP