Tunga på vektskåla: Dobbeltstemma til ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp) vart avgjerande i saka om konsekvensutgreiing av eigedomsskatt.
Tone Tveit
Seier nei til konsekvensutgreiing av eigedomsskatt
Ordføraren si dobbeltstemme vart avgjerande då Seljord-politikarane debatterte innbyggjarinitiativet frå næringslaget torsdag.
Rådmannen tilrådde å ikkje leggje forslaget frå Seljord Næringslag fram for realitetsbehandling, «då innbyggjarforslaget har same innhald som ei sak som er handsama av kommunestyret tidlegare denne valperioden».
– Avgjersla om eigedomsskatt er tatt, dette forslaget kan ikkje tolkast som anna enn eit forsøk på å få til ein omkamp om eigedomsskatten. Det kjem for seint, argumenterte Peter Fjågesund (MDG).
Bakgrunnen for innbyggjarframlegget var eit opprop i regi av næringslaget, som samla inn fleire hundre underskrifter til støtte for ei konsekvensutgreiing. Opposisjonen var ueinige med Fjågesund i at forslaget frå næringslaget kom for seint.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP