Vil til venstre: Suhail Mushtaq og Åshild Bringsvær-Sunde meiner sterke krefter sentralt i INP vil dra partiet langt mot høgre. Dei har meld seg ut av INP og inn i Det norske industripartiet (DNI).

Seks INP-representantar i Vinje har gått over til nytt parti. – Men me står samla som lokalgruppe

INP-grunnleggar Owe Ingemann Waltherzøe har forlate Industri- og næringspartiet (INP) og starta Det norske industripartiet (DNI). I Vinje har tre av fire kommunestyrerepresentantar og tre av sju varamedlemmar meld seg ut av INP og inn i det nye partiet.

– Nokre ventar og ser, medan andre var tidleg ute, seier Åshild Bringsvær-Sunde om ut- og innmeldingane. Ho var INP sin listetopp i kommunevalet hausten 2023, og er no gruppeleiar for dei tre DNI-representantane i kommunestyret. Ho fungerer også som gruppeleiar for den attverande INP-representanten Knut Erik Jordstøyl, og understrekar at det ikkje er noko splid mellom lokalpolitikarane.

– Knut Erik er med på DNI-møta, og me står samla som lokalgruppe, seier Bringsvær-Sunde, som også understrekar at det lokale partiprogrammet ligg fast.

– Alle me som gjekk til val for INP i Vinje kjempar framleis for det me gjekk til val på.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS