Særen søndre: Garden skulle uansett seljast, men seljar Birgit Norendal synest det er uklart om avslaget på stimuleringstilskottet er i tråd med intensjonane for ordninga, derfor har ho klaga. – Det skal bli interessant å følge handsaminga då me går ut frå at dette er ei av dei fyrste sakene i ordninga som kjem til handsaming. Me har tillit til at kommunestyret handsamar saka på ein god måte, seier Norendal til VTB. Foto: privat
Selde garden, men fekk ikkje det nye tilskottet
Birgit Norendal selde garden Særen, men fekk avslag då ho søkte om å få det nyleg innførte stimuleringstilskottet i samband med eigarskifte på gardar i Vinje. Grunngjevinga var at garden ikkje hadde vore heilt ubebudd.
Vinje kommune innførte hausten 2024 eit stimuleringstilskott ved sal av fråflytte gardar. Ordninga inneber at den som frivillig vel å selje ein gard i Vinje der det ikkje har vore busetting på minst to år kan søke om eit tilskott på 200 000 kroner.
Føremålet med tilskottet er å motivere til eigarskifte på fråflytta gardsbruk i Vinje kommune. For at seljaren skal få tilskottet må den nye eigaren busette seg på eigedomen.
Men kva om våningshuset har stått tomt, medan eit kårhus, hytte eller annan utleigeeining har hatt busetnad? Det er tilfellet på garden Særen, som Norendal selde. Her har våningshuset stått tomt, men ein utleigedel har hatt busetnad i nokre periodar dei siste to åra. Dermed gjorde kommunen eit administrativt vedtak der dei sa nei til at Norendal skulle få stimuleringstilskottet.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP