På talarstolen: Carina Thorvaldsen og Seljord Frp vil ha folkeavrøysting om eigedomsskaten.
Tone Tveit
Seljord Frp krev folkeavrøysting om eigedomsskatten
Lokallaget vil at resultatet av ei folkeavrøysting skal vera klart til budsjettmøtet i desember.
Seljord kommune har vedtatt å innføre eigedomsskatt. Innføringa blei i fjor utsett, men kommunen har no inngått kontrakt med eit konsulentfirma som skal gjennomføre takseringsoppdraget for kommunen.
I ein interpellasjon til torsdagens kommunestyremøte ber Seljord Frp om at innbyggjarane får seie sitt i saka.
«Seljord sine innbyggjarar betalar allereie store summar i kommunale avgifter og ligg høgare enn alle dei andre Vest-Telemark-kommunane, til og med høgare enn Nissedal som allereie har eigedomsskatt,» heiter det i interpellasjonen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP