Færre folk: Vikingarna samla mykje folk på Cafescenen fredag kveld, men det totale besøkstalet gjekk kraftig ned.

Seljordfestivalen: Tjue prosents nedgang frå i fjor

Årets Seljordfestival samla i alt 8 000 publikumarar, to tusen færre enn i fjor. I stordomstida til festivalen var besøkstalet meir enn det dobbelte.

– Det er klart at danseband er ein sjanger som ikkje akkurat er i vekst, seier festivalleiar Yvonne Eilefstjønn når ho skal forklare nedgangen i besøkstalet.

Ho understrekar likevel at danseband framleis skal vera ein viktig del av Seljordfestivalen, men seier at arrangørane framover skal justere konseptet med å ta inn litt annan type musikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Besøkstalet må opp

Dei seinare åra har festivalen gått med underskot. Slik var også resultatet for fjoråret, fortel Eilfestjønn.

– Ja, det blei raude tal då også. Så det er klart at me må få opp besøkstalet, seier ho.

I 2017 fortalde Egil Moen i festivalleiinga til Vest-Telemark blad at dei venta kring 15 000 besøkande totalt, om lag det same som for året før. På den fyrste festivalen etter nedstenginga, i 2022, hadde besøkstalet gått ned til 12 000 gjester. Det fortalde festivalleiar Yvonne Eilefstjønn.

Den aller fyrste festivalen gjekk føre seg i 2001. Den samla godt over 10 000 gjester. To år seinare hadde besøkstalet stige til like under 15 000. I 2007 hadde talet auka til over 18 000. No er altså besøkstalet meir enn halvert.

Rekordhøgt tal på bestillingar

Denne helga står countryfestivalen for tur. For denne festivalen er stoda ei heilt anna. For rekneskapsåret 2022 viste resultatet før skatt eit overskot på 3,5 millionar kroner, og i fjor gjesta kring 30 000 menneske festivalen.

Om nedgangen for Seljordfestivalen, som blei skipa til for tre veker sidan, var mindre lysteleg, ser festivalleiaren heilt annleis på Countryfestivalen som startar denne veka.

Smiler: Festivalleiar Yvonne Eilefstjønn fortel at førehandssalet til Countryfestivalen, som startar denne veka, ligg rekordhøgt.

– No kan me berre smile. Førehandssalet er veldig bra, faktisk ligg talet på bestillingar rekordhøgt. Me ventar meir enn 4 000 campingeiningar, informerer ho.

Med unntak av fredag, då det ifylgje varslingstenesta yr.no skal silregne, ser ikkje vêret for festivaldagane så aller verst ut. Men vêret, det trur ikkje arrangørane at gjestene bryr seg så mykje om.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nytt av året er eit utvida mattilbod med foodtucks, eller matbilar, om du vil. Festivalleiaren minner også om serveringsstaden Sheriffen pub & pool, der alle over 18 år har tilgjenge. Der kjem ein inn utan å ha festival- eller konsertbillett.

– Så ynskjer me hjarteleg velkomne til både lokale og folk frå heile landet, avsluttar Eilefstjønn.

Seljordfestivalen AS

Seljordfestivalen AS

– Stifta i år 2000 under namnet Dansebandfestivalen Seljord AS

– Bytta namn til Seljordfestivalen AS i 2008

– Dagleg leiar: Yvonne Eilefstjønn

– Styret: Hans Olav Omtveit (leiar), Geir Helge Espedalen (nestleiar), Morten Olav Dyrud og Yvonne Eilefstjønn

– Dei seinare åra har festivalen gått med underskot. Rekneskapsåret 2022 viser eit minusresultat på 395 000 kroner før skatt, medan underskotet året før, då festivalen var avlyst, blei på 43 000 kroner, sjølv etter 1,1 millionar kroner som dei ifylgje avisa Varden fekk i offentlege korona-tilskot. 2019 var også eit tungt år; då gjekk festivalen i minus med 568 000 kroner.

– I året 2021, då festivalen også var avlyst, enda rekneskapen på 81 000 kroner i pluss. Frå 2018 og bakover i tid er det berre pluss-tal å lesa; frå nokre få hundre tusen kroner til ein topp i 2010 då overskotet blei på nesten to millionar kroner.

– Dei fyrste driftsåra var gode. Det høgste resultatet frå alle åra festivalen har blitt driven kom alt i 2004 då overskotet før skatt enda på 3 552 000 kroner. Dette året blei det betalt ut 2 372 000 kroner i utbytte til eigarane. Det siste året selskapet har betalt ut utbytte var i 2018 då 324 000 kroner blei fordelt til eigarane.

– Kven er eigarane? Jau, det er Countryfestivalen Seljord AS, som eig heile selskapet. To selskap eig halvparten kvar av Countryfestivalen, nemleg Seljord festivalfdrift AS og Dyrsku’n arrangement AS.

Eigar av selskapet Seljord festivaldrift er Seljord invest AS. Bak dette selskapet står Omtveit holding AS og Dyrud eigedom AS, som eig halvdelen kvar. Det er Hans Olav Omtveit som har heile aksjeposten i Omtveit holding AS, medan eigarskapen i Dyrud eigedom AS er litt meir samansett. Der eig Morten Olav Dyrud 60 prosent av aksjane, medan Vålånuten holding AS har ein post på 20 prosent. Det same har Dyrud holding AS. Eigar av Vålånuten holding AS er Espen Dyrud, sonen til Morten Olav Dyrud, medan dotter hans, Marthe Dyrud, er eineeigar av selskapet Dyrud holding AS.

Oppsummert hittil kan ein seie at Hans Olav Omtveit eig ein fjerdedel av Seljordfestivalen AS, medan medlemer av Dyrud-familien eig ein annan fjerdedel.

Så er det eigarskapen til Dyrsku’n arrangement AS. Der har stiftinga Seljordsutsillinga Dyrsku’n heile aksjeposten. Selskapet er registrert i bransjen eigedomsforvaltning, og har ei tomt på vel 94 dekar. Ved siste registrering er det 27 bygningar på plassen. Styreleiar i stiftinga er Aslak Snarteland.

(Kjelder: brreg.no og proff.no)

Prisar

– Prisen på dagsbillett på Seljordfestivalen i år varierte frå 350 kroner for onsdag, og auka dag for dag til laurdag då inngangen kosta 550 kroner. På Countryfestivalen varierer prisane frå 470 kroner onsdag til 750 for laurdagen.

– Elles kan gjestene velje å kjøpe festivalpass. Full pakke, frå onsdag til laurdag, kosta 1650 kroner for Seljordfestivalen. For torsdag til laurdag var prisen 1 250 kroner, medan dei som berre ville vera fredag og laurdag betala 890 kroner.

– Mange festivalgjester vel også å campe på området, anten med bubil, campingvogn – eller meir sjeldsynt: telt. Ifylgje heimesida til festivalen blir campinggjestene prisa per person. Camping og festivalpass frå onsdag til sundag på Seljordfestivalen kosta 2 550 kroner, og blei redusert dag for dag til 1 150 per person for dei som berre overnatta frå laurdag til sundag.

– Tilsvarande prisar for countryfestivalen er noko høgare. Kvar gjest må ut med 2 950 om ein vil vera frå onsdag til sundag. Frå torsdag til sundag er prisen 2 890, fredag til sundag 2 690 og laurdag til sundag 1 450 kroner.

(Kjelder: heimesidene til festivalane)

Stor campingplass: Til helga inntek meir enn 4 000 campingeiningar Dyrskuplassen i Seljord. Biletet er frå countryfestivalen i 2022.