Til sals: Av dei åtte bygga som fylkeskommunen har i Seljord er bare bygget som husar fylkessenteret i bruk (grått).
Øystein Øygarden
Semje om framlegg til avtale: Vil gje bort bygga og eigedomen for 1 krone
Seljord kommune og Telemark fylkeskommune nærmar seg ei avtale om bygga og eigedomen rundt fylkessenteret i sentrum. Prislapp: 1 krone.
Både fylkespolitikarane og kommunestyret i Seljord må godkjenne avtala før «avhendinga av gbnr. 43/16» er ein realitet.
Det er ikkje kjent når saka kjem til politisk behandling i Seljord kommune, men saka ligg i innkallinga til fylkesutvalet i Telemark fylkeskommune til møtet 26. november. Framlegget til avtale ligg ved saka. I denne kjem det fram at fylkeskommunen beheld bygget som i dag husar fylkessenteret i det som tidlegare var administrasjonsbygget til den vidaregåande skulen i bygda, i tillegg til «nødvendig tomteareal til fylkessenteret med dagens parkering».
På eigedomen er det bygg på til saman 3000 kvadratmeter og ei tomt på 22 700 kvadratmeter. Det er berre i sjølve fylkessenteret det i dag er aktivitet. I senteret som blei opna i mars i fjor er det om lag 20 arbeidsplassar.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP