Sentralbanksjef Ida Wolden Bache har måtta heve styringsrenta heile 14 gonger sidan ho byrja i jobben. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK

Sentralbanksjefen trur rentetoppen er nådd, men vil ikkje love noko sikkert

Alle håpar at rentetoppen er nådd etter 14 hevingar på rad, men sentralbanksjef Ida Wolden Bache vil ikkje love noko.

Ti dagar før jul varsla sentralbanksjef Ida Wolden Bache at det truleg ikkje vil komme fleire renteendringar før etter sommarferien. Då hadde ho nettopp heva styringsrenta for 14. gong på to år – til 4,5 prosent. Den siste hevinga kom sjølv om både den europeiske og den amerikanske sentralbanken lét vere å setje opp styringsrenta endå ein gong.

Sjølv om pilene peikar i rett retning for Noreg no, vil ikkje sentralbanksjefen love at rentehevingane definitivt er over for denne gongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ein prognose, det er ikkje noko løfte, poengterer ho om utsiktene til betring i økonomien og mogleg rentekutt etter sommarferien.

Kan endre seg

I motsetning til ein del andre sentralbankar går Noregs Bank etter rentemøta også ut med ein prognose for korleis banken ser for seg utviklinga til styringsrenta framover i tid.

– Vi har aldri noko mål for sjølve renta. Den vil vi alltid setje på ein måte som fører oss nærare måla våre i pengepolitikken, som er låg og stabil inflasjon, vurdert at flest mogleg skal vere i jobb. Så eg understrekar at når det kjem ny informasjon om situasjonen i norsk økonomi, vil renteprognosen kunne endre seg, seier Ida Wolden Bache.

Lønningane vil auke

I 2024 ser ikkje sentralbanksjefen for seg noko kraftig tilbakeslag i norsk økonomi, men at det blir nokså låg vekst prega av folks høge renteutgifter, og litt høgare arbeidsløyse.

– Som følgje av innstrammingane vi har bak oss, ventar vi at prisveksten vil minke og at lønningane etter kvart vil auke raskare enn prisane. Det vil løfte kjøpekrafta til hushalda igjen og bidra til at forbruket veks og aktiviteten tek seg opp, siger sentralbanksjefen.

Kjenner på ansvaret

Sjølv om styringsrenta blir justert med tilsynelatande puslete prosentpoeng om gongen, er det nok til å skyve enkeltindivid og familiar frå ein ordna økonomi og over i eit uhandterleg gjeldskaos. Noregs største inkassoselskap, Kredinor, rapporterte i desember om at fleire opplever aukande gjeldsproblem og med det ei likegyldigheit til at rekningane hopar seg opp.

Ida Wolden Bache seier ho er klar over ansvaret ho ber for dei konsekvensane renteendringane har for kvar enkelt. Sjølv om slike avgjerder kan verke brutale og harde, er dei nødvendige for å bringe prisveksten ned. Høg og variabel prisvekst er kostbart for kvar enkelt – og for samfunnet, påstår ho.

– Vi kjenner på ansvaret. At dei avgjerdene vi tek, påverkar folks økonomi. Det fortel dei oss, sjølvsagt, og vi både veit og forstår at mange er bekymra for at rentekostnadene har auka så mykje at mange har fått ein strammare økonomi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opptakten til krigen i Ukraina utløyste ei energikrise i Europa som bidrog til kraftig prisstigning og auka renter etter pandemien. Allereie før dei to siste rentehevingane i september og desember rapporterte Statens institutt for forbruksforsking (Sifo) at éin av åtte hushald i Noreg hadde låg eller svært låg mattryggleik.

Ser ikkje eit tilbakeslag

Høg prisvekst og auka renter har ført til at fleire hushald har fått problem med å få pengane til å strekke til. Matkøane har vakse og har vorte eit tema som fleire gonger er tekne opp i Stortinget.

– Høg og variabel prisvekst rammar samfunnet samla sett, men også særleg dei som har låge inntekter og minst å gå på. Så vi set jo opp renta for å få prisveksten ned. Det er ein føresetnad for at vi over tid skal ha høg sysselsetjing og stabil utvikling i økonomien, seier sentralbanksjefen til NTB.

Tradisjonelt er det sett ein samanheng mellom auka styringsrente og auke i arbeidsløysa. Noregs Bank har likevel som eit av måla sine at arbeidsløysa ikkje skal gå nemneverdig opp. Så langt kan det sjå ut til at ho har greidd å levere på dette, sjølv om arbeidsløysa har stige noko i dei to åra rentehevingane har gått føre seg

– Når det gjeld arbeidsløysa, ventar vi at ho vil auke tilbake til det same nivået som før pandemien. Så vi teiknar ikkje eit bilete av eit kraftig tilbakeslag i norsk økonomi, seier ho.

Kritikken frå LO

Ida Wolden Bache og dei fire andre i komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet i Noregs Bank har vorte kritisert for den aggressive rentepolitikken. Særleg sjeføkonom Roger Bjørnstad i LO har skulda banken for å setje renta unødig høgt for å kjempe mot ein inflasjon som er importert frå utlandet.

– Sentralbanken må reagere når prisveksten er høgare enn målet, same kva som er kjelda til den prisveksten, parerer sentralbanksjefen.

Ho seier at inflasjonen kunne auka ytterlegare i Noreg og den flytande kronekursen svekte seg endå meir dersom ikkje Noregs Bank hadde prøvd å møte den importerte inflasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)

Kontoret der sentralbanksjef Ida Wolden Bache held handa på rattet for å halde inflasjonen på 2 prosent og arbeidsløysa låg i Noreg. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK
Sentralbanksjef Ida Wolden Bache seier ho og dei andre medlemmene i Noregs Banks komité for pengepolitikk og finansiell stabilitet kjenner på ansvaret når dei endrar styringsrenta i Noreg. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK
Det er like mykje arbeid bak ei avgjerd om ikkje å endre styringsrenta som å heve eller senke ho, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache. Her føre bygninga til Noregs Bank i Oslo. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK
I desember heva Noregs Bank styringsrenta endå ein gong, sjølv om både EU og USA lét renta stå uendra. No har likevel også sentralbanksjef Ida Wolden Bache signalisert at rentetoppen er nådd. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK