«Sentrum er i dag prega av asfalt og mykje parkeringsareal, og omsøkt tiltak på bilrutetomta ser ut til å bidra til at dette held fram.»
Det nye handelshuset som er planlagt i Åmot vil ikkje bidra til å endre dagens sentrumsbilde, erkjenner kommunedirektøren i Vinje.
I august 2024 sende Bratlandbygget AS inn søknad om rammeløyve til å bygge nytt handelshus på bilrutetomta. Heile hausten gjekk utan at søknaden vart handsama, men nå – på onsdag – kjem den på bordet til plan- og miljøutvalet.
Det nye Bratlandbygget ser ut til å vidareføre dagens inntrykk av Åmot sentrum som ein stad med mykje asfalt og parkeringsareal, erkjenner administrasjonen i saksutgreiinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er planar om 91 parkeringsplassar, noko som er om lag tre gonger så mykje som behovet som er berekna ut frå retningsgivande tal (éin parkeringsplass per femti rutemeter forretning).
Rett nok er det planar om eit torg på tre hundre rutemeter på solsida av bygget, men det er vanskeleg å sjå føre seg korleis ein kan gjere dette avlange arealet som er inneklemt mellom fasade og parkering og bilveg til eit attraktivt område for offentlegheita, skriv administrasjonen i saka. Her blir det peikt på at eit innbydande og tilgjengeleg torg bør bli prioritert sterkt for å mjuke opp det elles harde uttrykket som er i sentrum i dag.
Tidlegare var det planar om leilegheiter i andre høgda av handelshuset, men dette er nå tatt bort. Dermed hjelper bygget heller ikkje noko på behovet for sentrumsnære, aldersvenlege bustadar – eit behov som er understreka i den nyleg vedtekne bustadstrategien til kommunen.
– Ei historisk moglegheit
– Det er ingen tvil om at eit nytt handelshus på bilrutetomta er positivt for Åmot sentrum og det gjev ei historisk moglegheit til å gje Åmot eit noko etterlengta «nytt sentrum», skriv kommunedirektøren i si oppsummering.
Han meiner det beste hadde vore at butikkane i det gamle Bratlandbygget fekk koma inn i nye lokale snarast råd samstundes som ein fekk til ei heilskapleg sentrumsutvikling med bustadar og gode tilhøve for mjuke trafikantar. I den planlagde rulleringa av kommunedelplanen for Åmot sentrum kunne ein ha sikra den heilskaplege sentrumsutviklinga, men ein ferdig rullert plan ligg fleire år inn i framtida. Her og nå er det den gamle reguleringsplanen som gjeld, og søknaden om eit reint handelshus med parkering og 300 rutemeter torg er ikkje i strid med denne.
– Det er vanskeleg å krevje at den einskilde tiltakshavar skal syte for å sjå på heilskapen til «nye Åmot sentrum» då slik planlegging bør ligge til reguleringsarbeid. Ikkje minst med bakteppet der kommunen som grunneigar, som del av ein privatrettsleg avtale, har seld denne konkrete tomta til søkar. Kommunedirektøren tilrår difor at denne søknaden følgjer «normalsporet» for søknader som er i tråd med vedteken reguleringsplan.