Nissedalordførar Ian Parry-Jones seier eit klart nei til at kommunen skal overta ansvaret for tømmerrenna. Om ingen andre heller gjer det, meiner han tida er over for renna.
Geir Ufs
Ser inga framtid for tømmerrenna om ikkje andre tek vare på ho
Nissedalordføraren meiner det ikkje er håp for tømmerrenna nær bademagneten Jettegrytene om ikkje private gjer ein innsats for det verna objektet. Å Energi står på sitt etter eit nytt møte i år om at selskapet ikkje vil gje meir enn 1,5 millionar kroner – ein rivingssum for renna.
I sist møte i Nissedal formannskap blei det utanfor sakskartet ein snakk om tømmerrenna nær Dynjanfoss kraftstasjon og oppover mot den populære badeplassen Jettegrytene. Ordførar Ian Parry-Jones (Sp) minna om at i 2014 byrja diskusjonen med Å Energi om kommunen skulle overta tømmerrenna som kraftselskapet sette opp for mange år sidan.
I 2019 blei tømmerrenna verna. I fleire år har Å Energi sett opp skilt i renna om at det ikkje er lov å gå der på grunn av tryggleiken og tilstanden i treverket.
Då kommunestyret for ei tid tilbake godkjente ein reguleringsplan for området ved Jettegrytene, kom det etterpå signal frå Statsforvaltaren at med planen må Nissedal kommune overta området både ved Jettegrytene og tømmerrenna.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP