Helsesenteret: Kviteseid legekontor.

Ser mot fast kommuneoverlege-samarbeid med Seljord

Kviteseid-rådmannen skal arbeide for å få til ei samarbeidsavtale med Seljord kommune om kommuneoverlegefunksjonen. Han må dessutan innan 5. november leggje fram ein plan som skal visa korleis innbyggjarane i Kviteseid skal vera sikra ei legeteneste som er attraktiv både for innbyggjarar og legar.

Kviteseid kommune avslutta tidlegare i år arbeidet med å sjå på eit samarbeid med Seljord kommune om felles drift av legekontor. Kommunen har sidan i vår kjøpt kommuneoverlegeteneste frå nabokommunen. Denne avtala varer fram til 30. september 2021.

Ifylgje Kviteseid-rådmannen har Seljord kommune har vore tydeleg på at det ikkje er interessant å forlenge denne avtala utan at det vert lagt fram ei sak om eit fast samarbeid om denne funksjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ber om plan

Kviteseid-rådmannen bad om, og fekk grønt ljos av formannskapet, til å arbeide for å til ei samarbeidsavtale med Seljord om kommuneoverlegefunksjonen.

Men formannskapet vil også ha ein plan for struktur og bemanning ved legekontoret i Kviteseid. Egil Jøsendal kom med framlegget på vegner av MDG, Høgre og Senterpartiet, men fekk støtte av eit samla formannskap.

«Planen skal visa korleis innbyggjarane i Kviteseid skal sikrast ei legeteneste attraktiv for både innbyggjarar og legar, med stabil legedekning i to heimlar.»

Rådmannen skal leggje fram planen for politikarane innan 5. november.

Ikkje realistisk med tre heimlar

Det er i dag ein lege som er fast tilsett på Kviteseid legekontor. Stillingane som kommunelege og kommuneoverlege har vore lyst ut utan at det har kome kvalifiserte søkjarar. Kommunen vil frå 1. oktober 2021 stå med ein fastlege, ein vikarlege og ein turnuskandidat.

– Dersom fastlegen i tillegg skal vere kommuneoverlege vil det medføre at mesteparten av stillinga vil gå med til administrative oppgåver. Dette vil medføre dårlegare kvalitet på tilbodet til innbyggarane, skreiv Kviteseid-rådmannen i saka.

Han meiner det ikkje er realistisk med tre heimlar ved kontoret i Kviteseid innanfor dei nye reduserte budsjettrammene, og at ein må sjå på alternativ organisering.

– Alternativet til ei avtale med Seljord er kortsiktig å leige inn vikarlege. Avtale med vikarbyrå er som kjent er ikkje ei økonomisk god løysing. Ei sondering mot Vinje kommune har heller ikkje ført oss nærare ei løysing, er tilbakemeldinga frå rådmannen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meiner eit samarbeid med Seljord gjer at Kviteseid kan ha eit legekontor med ei tilfredsstillande minimumsbemanning i kommunen.