Ved vegs ende: Tvillingbrørne Sondre (t.h.) og Olav Berget kan endeleg setje strek i vegsaka på garden Sudbø i Arabygdi. Fire år etter han vart bygd, og fire og eit halvt etter dei fekk godkjent den opphavlege søknaden, stadfestar no kommunen at vegen er lovleg. Dei tek også sakskostnadane.

Set endeleg punktum i vegsaka – kommunen tek rekninga. – Det er tydeleg me har kome skeivt ut

Vinje kommune stadfestar at vegen brørne Sondre og Olav Berget i Arabygdi bygde sommaren 2020 er lovleg, og avsluttar saka. Dei betalar også snaue 150 000 kroner i sakskostnadar.

Publisert Sist oppdatert

– Det er godt og endeleg vere ferdig. Det har vore ein slitsam sak å ha hengande over seg, og me meiner det burde vore avslutta for lenge sidan, seier Sondre Berget til VTB etter stadfestinga frå kommunen.

Brørne søkte om å få byggje vegen, på garden Sudbø i Arabygdi, i desember 2019, og fekk godkjent søknaden i januar 2020. Konflikten oppstod i 2022, då kommunen handsama ein søknad om utsetjing på grøftearbeid i samband med vegen. Planutvalet vedtok då at ei oppfylling nedanfor vegen var dyrka mark, og skulle vere eit jorde, og at vegen difor måtte bli fjerna.

Kommunen hevda då at søknaden gjaldt ein mellombels anleggsveg, og at den difor berre var handsama som byggjesak, medan ein permanent veg måtte bli handsama både etter plan- og byggjelova og etter jordlova.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS