Snøskredfare: Illustrasjonsfoto.
Olav Åsen Haugsgjerd
Set i gang «kontinuerleg overvaking» av juv
Firmaet Cautus Geo har fått oppdrag i å skredsikre Heggtveitjuvet i Tokke. Eit nytt radarsystem vil sørgje for at vegen blir automatisk stengt dersom det går eit skred.
I 2020 gjekk det heile seks snøskred ned juvet ved Byrtevegen, og vegen vart stengt ni gonger. Det største skredet stagga kring 30 meter frå vegbanen. Det er likevel lite sett opp mot eit stort skred i 2014, då snømassane stoppa 100 meter ut på det islagde Byrtevatnet og la fylkesvegen under eit tjukt lag med sno.
Selskapet Cautus Geo har fått i oppdrag i å sikre juvet mot skred. Dei kom med forslag om å erstatte geofonteknologien på staden, som registrerer skjelvingar i grunnen, til radarteknologi. Dette vil syte for kontinuerleg overvaking, samt sende ut automatiske varsel og stenge trafikken ved skred.
– Me føreslo å bytte frå geofon- til radarteknologi. Då kan skred varslast tidlegare, som gjev auka tryggleik. I tillegg kan vegen opnast etter eit par minutt dersom eit skred ikkje når fram til vegbanen, seier Tore Humstad i Statens vegvesen i ei pressemelding.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP