Sigmund Skar held fram med merkesankinga i Birkebeinerrennet. Fyresdølen har no heile 83 merke i Birken.
Svein Halvor Moe
Sigmund (60) kan snart skrive Birken-historie. – Det freistar å halde fram no
Sigmund Skar kan bli den første som klarer å sikre seg 100 merke i Birkebeinar-samanheng. Fyresdølen har 83 merke, og kan om godt og vel fem år passere den milepålen det vil vere å ha tresifra tal merke.
– Eg må innrømme at det freistar å halde fram no som eg sakte, men sikkert nærmar meg 100 merke. Det er inkludert meg tre personar som står med 83 merke. Alle tre har, etter det eg har forstått, klart merkekravet i helga. Så er det ein kar som har 85 merke og ligg to framfor oss på den adelskalenderen. Han har nok den same målsetjinga som vi som følgjer rett bak – nemleg å klare 100 merke på sikt, og aller helst bli den første som gjer det, seier Skar.
Den joviale ungdomsskulelæraren fylte 60 år i oktober og nærmar seg sånn sett pensjonsalder. Men Sigmund har ingen konkrete planar om å forlate klasserommet eller Birken-arrangementa med det første. Trening og fysisk arbeid har heilt sidan oppveksten vore ein livsstil for den spreke 1964-modellen. Skar har teke vare på kroppen og helsa, og har i godt vaksen alder fått utteljing for det – både i form av at han held seg frisk og er i god form.
Gjer treninga meir inspirerande
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP