Bare å smile: Sigrunn Vik Skomdal er veldig nøgd med både omsetninga på Kafé Hvelvet, 55 000 kroner i tilskot frå Fyresdal kommune og at kjøkkenarealet har blitt dobla.

Sigrun måtte utvide kjøkkenet etter turiststraum

Etter framlegg frå Kjell Sverre Thoresen (Sp) har eit samrøystes Fyresdal formannskap løyvd 55 000 kroner frå næringsfondet til Kafé Hvelvet for å oppgradere kjøkkenet. Dette måtte til etter svært mange besøkande i 2023 då tretoppvegen opna. Omsetninga for verksemda blei dobla frå året før.

Tilrådinga frå kommunedirektøren var å gje eit tilskot på litt over 40 000 kroner.

Sigrunn Vik Skomdal og dottera Rebekka driv sportsbutikk i Fyresdal sentrum og Kafé Hvelvet i same bygget. 

Tretoppvegen blei opna i starten av juni 2023, og hadde det året over 60 000 besøkande. Straumen av turistar førte til eit behov for å doble kjøkkenarealet i Kafé Hvelvet, og det skjedde ved å redusere noko på arealet til sportsbutikken. Utvidinga blei gjort i fjor, til ein kostnad på nesten 135 000 kroner.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS