Sjølie-konkursen aukar i omfang
Krava mot den tidlegare advokaten og hotellinvestoren, Halstein Sjølie, er nå oppe i 126,5 millionar kroner. Det er drygt 20 millionar meir enn det som var meldt ein månad etter konkursopninga i november i fjor.
Dette går fram av årsrapporten for Halstein Sjølie sitt personlege konkursbu som vart sendt til Telemark tingrett torsdag. Det er advokat Lill Kristin Nilsen i Bø som er bustyrar for konkursbuet og som har utarbeidd årsrapporten. Ingen av krava er prøvd av buet. Det er uvisst når bubehandlinga kan avsluttast opplyser Nilsen.
Verdiane
Det er ennå uklart kva som finst av verdiar i buet. Det er dels avhengig av om buet kan bli tilførd pengar som Sjølie hevdar å ha betalt for mykje i skatt etter at han ifylgje eigne forklaringar bles opp omsetninga i advokatverksemda for å betre utsiktene til å få lån. Burevisor som vart engasjert i mars, er i dialog med skatteetaten om dette temaet. Burevisor meiner det er grunnlag for ei tilbakeføring, men det er inga avklaring.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP