Thor Filip Halvorsen (f.v.), Knut Erik Paulsen, Mette Lillegård, Benedikte Nes og Kjell Magne Grave besøkte kjøkkenet på Lastein brygge.

Skal bruke 750 000 på å pusse opp brygga til sommarsesongen 

Tokke kommune løyver 750 000 kroner for å ruste opp lokala på Lastein brygge som dei leiger ut.

Det er Dalen hotel som driv Lastein brygge om somrane. Det har dei gjort i mange år, og då avtala med Tokke kommune gjekk ut etter fjorårets sesong søkte Dalen hotell om å få drive vidare. 

Det skal dei, og nå blir også kjøkkenet dei skal leige pussa opp. Det blir også ei opprusting av ventilasjon og elektro. Formannskapet var på synfaring på brygga tidlegare i mars. Thor Filip Halvorsen frå Dalen hotel viste då politikarane rundt på det vesle kjøkkenet på brygga. Politikarane var då tydelege på at kjøkkenet heilt klart treng å pussast opp. 

Tysdag denne veka var saka på sakskartet då kommunestyret hadde sitt møte. I budsjettet for 2025 vart det sett av 500 000 kroner. Bakgrunnen for dette var at det i fjor sommar var branntilsyn på brygga, og det vart då avdekt nokre forhold som må utbetrast, dette var særleg innafor brann og elektro. I saka til politikarane skriv kommunalsjef for plan og næring, Knut Erik Paulsen, at det kunne vore ønskeleg med utbetringar utover å berre lukke avviket. Men tilrådinga var, på grunn av den økonomiske situasjonen i kommunen, likevel å halde seg til å bruke 500 000 kroner, og slik få lukka avviket.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS