Opprusting: Seniorrådgjevar i Kviteseid kommune, Tarjei Gjelstad (t.h.) orienterte i førre veke formannskapet om prosjektet med å byggje ut barnehagen i Brunkeberg.
Aslak Mikucki-Ringhus
Skal byggje ut barnehagen. – Har aldri hatt så mange interessentar
Dagens barnehagebygg og det gamle skulebygget i Brunkeberg skal bli slegne saman, slik at barnehagen kan huse 72 ungar.
Skulen i Brunkeberg vart vedteken nedlagd i april i år, og no skal det gamle skulebygget bli nytta til barnehage, i tillegg til barnehagebygg. Det er ein auke på 24 frå dagens kapasitet på 48 ungar.
Den mest synlege forandringa blir eit nytt bygg, som skal kople dagens barnehagebygg og det tidlegare skulebygget saman, slik at ein slepp å gå ut for å koma frå den eine til den andre delen.
– Bygget som skal binde dette saman hadde for stor høgdeforskjell til at me kunne få det inn på eitt plan, så me må inn med ei trapp, med tilrettelegging for trappeheis for rullestolbrukarar, forklarte seniorrådgjevar Tarjei Gjelstad til formannskapet nyleg.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP