Skal erstatte bru – stenger fylkesvegen

Fv3320 mellom Fjågesund og Nome vil vera stengt mellom 28. februar og 3. mars.

Publisert

Toningsdalbrua, som går over ein liten bekk på strekninga langs med Flåvatn, mellom Kilen og Flåbygd, skal bytast ut med ein kulvert. Årsaka er alderen og slitasjen på brua.

Vegen vil vera heilt stengt dei fyrste dagane arbeidet går føre, frå måndag 28. februar til og med torsdag 3. mars. Trafikantar som skal ferdast mellom Lunde og Kilen eller Fjågesund i tidsrommet må difor køyre via Bø og Seljord.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS