Oversikt over døgnkvileplassane på E134 mellom aust og vest. Det er per nå ingen plassar mellom Kjellstad og Høydalsmo, men Vegvesenet ynskjer ein slik plass i Seljord.
Statens vegvesen
Skal etablere ny døgnkvileplass ved E134 med 20–25 oppstillingsplassar. – Det har vore eit stort ønske
Statens vegvesen har invitert til konkurranse om å etablere døgnkvileplass for tungtransport ved E134 i Seljord-området.
Fristen for å kome med tilbod er 21. mars. Det kjem fram i ei kunngjering som ligg i Doffin (database for offentlege anskaffingar). Her inviterer Vegvesenet til konkurranse om etablering, drift og vedlikehald av døgnkvileplass for tungtransport. Den skal vera i «Seljord-området». Køyreavstanden frå E134 skal vera maksimalt 1 kilometer. Døgnkvileplassen skal innehalde sanitæranlegg med toalett/dusj og ladestasjonar. Det skal vera 20–25 oppstillingsplassar.
Døgnkvileplassen skal vera klar til opning seinast 1. november 2026. Avtala med Vegvesenet vil gjelde i 10 år med opsjon på forlenging.
På ein døgnkvileplass er det høve for tungtransportsjåførar å ta ein 45 minuttars pause eller ein døgnkvil (11 timar). Desse plassane er eit tilbod til alle sjåførar som er underlagt reglane om køyre- og kviletid. Plassane er som regel lokalisert slik at ein kan kjøpe mat og drivstoff i nærleiken.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP