Bal frå venstre: Mari Straand Skarprud, Melissa Camarena Straand, Damian Camarena Straand, Sander Torsdalen, Lars Straand Skarprud, Sofie Torsdalen. Framme frå venstre: Håvard Aasland Øy, Karl Lassemo Nødland, Håkon Lønnegraff, Niels Ivesdal Pedersen, Lauritz Lassemo Nødland, Sigve Eiliv Martinsen, Ingrid Straand Skarprud, Maren Ivesdal Pedersen.

Skikarusellen i Vrådal:  – Eit kjekt møtepunkt for små og store gjennom mørketida

Onsdag var det avslutting for skikarusellen i Vrådal. Det var godt oppmøte med 14 av dei 18 borna som har vore med gjennom sesongen, nokre småsøsken og mange foreldre. Me avslutta karusellen litt tidlegare enn planlagt på grunn av skiløyper som forsvann. Takk vere Vrådal Panorama skisenter fekk me to kveldar med aking og ski etter at lysløypa ved klubbhuset hadde vorte til is, gras og vatn.

I år har me fått nytt utstyr til skikarusellen, med lyskjegler, to ulike hopp og orgeltramp. Det har vore servering av frukt, smoothie og varm saft til kalde kroppar som har leika og brukt krefter på både å gå og dette. Foreldre har fått seg ein prat og nokre meter i lysløypa, og me har hatt eit kjekt møtepunkt for små og store gjennom mørketida.

Tekst og foto: Ragnhild Lassemo

Powered by Labrador CMS