Ihuga hundekøyrarar: Ida og Jan Einar Reinsviki bruker all si fritid saman med hundespannet, og denne sesongen har dei meld seg på Gausdal maraton, Femundløpet 200 og Villroa Race. Dei to trudde dei ville få gode moglegheiter til å dyrke hobbyen sin då dei flytta til Vågslid, men det har vist seg å bli vanskelegare enn venta. Nå vurderer dei om dei må flytte. Foto: Privat

Skiløype er greitt for villreinen, men ikkje hundeløype. – Urimeleg, meiner hundekøyrarane

Ida og Jan Einar Reinsviki flytta til Vågslid for å kunne drive med hundekøyring. Dei satsar på langdistanseløp og trenar opp mot fem gonger i veka inn mot løpssesongen. Det har vist seg å vere vanskeleg å få til i Vågslid.

Publisert Sist oppdatert

Til treninga treng Ida, Jan Einar og hundespannet deira løyper på fleire mil. Det er flust av skiløyper i Vågslid, men desse held dei seg unna for å unngå konfliktar. I staden har dei trena langs vegen der dei bur, Bordalsvegen. Dette fungerer fint tidleg i sesongen, men utover vinteren blir det vanskelegare då det blir veldig skrått og skavlete. Derfor ønskjer dei også å køyre opp løyper mot nordvest, over Margittjønn og inn Bordalsvatnet, og mot søraust for å få tilgang til løypenettet for snøskuter.

Den 30. oktober handsama plan- og miljøutvalet søknaden deira. Alle unntatt Svein Versto (Ap) stemte nei både til løypene over vatnet mot nordvest og til å lage løype mot søraust for å koma inn på løypenettet for snøskuter.

Nå har Ida og Jan Einar klaga.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS