M/S Snestad
M/S Snestad vart torpedert i februar 1940. Fyresdølen Olav Ivar Lauvaas var om bord.

Skipet som far til Ivar var om bord på vart torpedert, men han snakka aldri om det

Over 30 000 nordmenn var på sjøen under andre verdskrig. Ein av dei var Olav Ivar Lauvaas frå Fyresdal.

 – Eg visste at han hadde vore til sjøs, men han snakka aldri om krigen. Ikkje som eg kan hugse i alle fall. 

Det fortel Ivar Kristoffer Lauvaas. Far hans heitte Olav Ivar Lauvaas. Men under krigen var etternamnet til faren Geitestad. Familien bytta namn tidleg på 60-talet. 

Lauvaas vart født 11. juni 1916, og voks opp på plassen Geitestad Uppigard i Fyresdal. Kort tid etter at krigen kom til Noreg fylte han 24 år. Men verdskrigen skulle han kjenne på kroppen før den tid. Som ung reiste han frå heimbygda og vart sjømann. Stillinga var smørar. 

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS