Eigar: Vrådal Utvikling AS, tidlegare kjent som Capra Utvikling AS, er slått konkurs. Eigar Frode Flåm motsette seg opning av konkurs i Vestre Innlandet tingrett.
Slått konkurs etter manglande betaling for hyttetomter
Vrådal Utvikling AS, tidlegare Capra Utvikling AS, vart denne veka slått konkurs. Selskapet skulda Vrådal Panorama Eigedom i overkant av 1,7 millionar kroner.
Bakgrunnen for saka er overtakinga av Straumsnes-tomta i Vrådal frå 2018, då den Gjøviks-baserte utbyggjaren Frode Flåm og selskapet hans, Capra Utvikling, kjøpte tomta ved Nisser av Vrådal Panorama Eigedom for 1 736 513 kroner.
Vrådal Panorama Eigedom og eigar Petter Johnsen har sidan den gong venta på betaling frå Capra, men har ikkje sett noko til summen. Partane har hatt fleire rundar med forhandlingar, tidlegare i år vart dei einige om ei nedbetalingsavtale, men då fristen for nedbetalingane kom og gjekk utan at nokon betaling kom, valde Johnsen å ta saka til skifteretten.
Varden var fyrst ute med å rapportere om kjenninga frå Vestre Innlandet Tingrett, som kom måndag denne veka. I og med at gjeldskrava frå Vrådal Panorama Eigedom mot Capra Utvikling, som sidan mai i år har gått under namnet Vrådal Utvikling AS, var «klare og forfalne», kom retten fram til at det låg føre ein presumsjon om insolvens, jamfør § 61 av konkurslova, og erklærte selskapet konkurs.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP