Victoria Meberg Olsen og Tommy Felle er i lykkerus etter at barnehagen på Felle blei redda. Dottera Amalie kan framleis nytte tilbodet også etter sommaren 2022.

Slepp å flytte til nabokommunen: – Nå kan jola bare kome

Kommunestyrevedtaket i Nissedal som berga barnehagen på Felle gjer at Victoria Meberg Olsen, Tommy Felle og dottera Amalie (13 månader) slepp å måtte flytte til annan kommune. Paret takkar særleg to politikarar frå Felle for innsatsen med å redde det kommunale tilbodet.

Publisert

Då Nissedal formannskap seinhaustes kom med si budsjettilråding til kommunestyret, ynskte posisjonen Ap og Høgre å legge ned barnehagen på Felle mellombels frå komande haust. Årsaka var at det ser ut til å bli bare tre barn som då nyttar tilbodet. Sidan dei er under tre år, tel kvart barn som to barnehageplassar.

I formannskapet ville dei to representantane frå Sp oppretthalde Felle barnehage inkludert dagens skulefritidsordning (SFO).

Ein som ikkje gav opp saka etter formannskapsmøtet var fellsingen Stein Skåli (Sp).

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS