Slik blir 22. juli markert elleve år etter
Fredag blir elleveårsdagen markert for 22. juli. Samtidig er Oslo-skytinga ei påminning om å ikkje slutte å kjempe mot ekstremisme, seier støttegruppe-leiar.
– Terrorangrepet i Oslo har skaka oss. Det er vondt å vite at endå fleire menneske no kjenner på dei same kjenslene som følgjer av å vere etterlatne eller overlevande etter eit terrorangrep. Terrorangrepa minner oss på at vi aldri må slutte å kjempe mot utanforskap, hatprat, konspirasjonsteoriar og ekstremisme, seier Lisbeth Røyneland til NTB.
Ho er leiar i Den nasjonale støttegruppa etter 22. juli.
Artikkelen held fram under annonsen.
Namneopplesing og blomsterkransar ved Høyblokka
Kvart år blir 22. juli markert mellom anna i regjeringskvartalet og på Utøya. Årets markering startar klokka 9.30 ved minnestaden utanfor Høyblokka i regjeringskvartalet.
Sjølv om bygginga av det nye regjeringskvartalet er i full sving, er det framleis sperra av eit lite område rundt det nasjonale minnesmerket ved Høyblokka. Der vil det også bli halde ein seremoni med namneopplesing og nedlegging av blomsterkransar.
Lisbeth Røyneland held den første talen for dagen. Statsminister Jonas Gahr Støre og AUF-leiar Astrid Hoem skal også halde kvar sin tale.
Oslo domkyrkje skal også halde ei markering, den vil finne stad frå klokka 10 til 18 fredag. Kyrkja vil vere open i heile tidsrommet, og det blir tenning av lys og musikkinnslag. I kyrkja er prestar og diakon til stades gjennom heile dagen.
Ny minnestad på Utøya
I midten av juni opna den nasjonale minnestaden på Utøykaia. Minnestaden består av 77 bronsesøyler – éin for kvar av dei 77 personane som vart drepne i regjeringskvartalet og på Utøya under terrorangrepet i 2011.
Klokka 16 startar markeringa på Utøya. AUF-leiar Astrid Hoem skal tale, det same skal statsminister Jonas Gahr Støre. Klokka 16.45 blir det avhalde eitt minutts stille før statsministeren, støttegruppa, AUF og Arbeidarpartiet vil leggje ned kransar. Til liks med markeringa ved Høyblokka vil det også bli avhalde namneopplesing.
14. juli opna utstillinga «Scar» på 22. juli-senteret i Oslo, der mellom anna bilete av terror-åstadene åra etter angrepet er ein del av utstillinga. Det å halde fram samtalen, reflektere og stille nye spørsmål rundt 22. juli er sentrale tema for utstillinga, som varer ut februar 2023.
(©NPK)
Artikkelen held fram under annonsen.
Saker publisert i samband med markeringa i fjor: