JORDSKIFTE: – Du kan skape mykje endring i løpet av eit år, og på nokre få somrar kan du forandre heile hagen. Slutt å gjødsle med nitrogen, og tilfør heller organisk materiale og karbon. Då vil også den livsviktige soppen raskt etablere seg. Når du skal plante, plantar du tett for å unngå naken jord og ugras, seier Dag Jørund Lønning. Sin eigen hage endra han totalt på ti månader. Foto: Dag Jørund Lønning

Slik gjev du jorda ein ny vår – og slepp å stå med bakenden i vêret og luke heile sommaren

Du må ikkje stå med bakenden i vêret og luke heile sommaren. Vegen til ein frodig, sjølvfornyande og nær vedlikehaldsfri hage ligg faktisk rett under føtene på deg.

Publisert Sist oppdatert

Har du tenkt på kvifor du aldri ser snurten av ugraset skvallerkål og vassarv i skogen? Eller kvifor mjøldogg lèt ville roser stå i fred, men går til åtak på dei finaste hagerosene dine? Ja, eller kvifor hagen visnar utan vatn på varme sommardagar, medan skogbotnen nokre steinkast unna er like frodig?

Svara ligg rett under føtene våre, seier Dag Jørund Lønning, som er professor og rektor ved Høgskulen for grøn utvikling på Bryne på Jæren.

Lønning siktar til jord. Til den levande molda som naturen har laga sjølv – og til hagejorda, som ofte er så kunstgjødsla og endevendt og sprøyta at ho ikkje liknar noko naturen har skapt:

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS