Fyrste dag på jobb: Her er to telemarksministrar på veg til sin fyrste regjeringskonferanse saman – barne- og familieminister Lene Vågslid og energiminister Terje Aasland. Foto: privat

Slik har det fyrste døgnet som minister vore for Lene

– Utruleg innhaldsrikt, seier Lene Vågslid (Ap) til VTB om det fyrste døgnet som statsråd.

Publisert Sist oppdatert

38-åringen frå Dalen vart tysdag utnemnd til barne- og familieminister i den nye reine Ap-regjeringa til Jonas Gahr Støre. Det opplevde ho som ei stor ære.

– Eg har eit ekte engasjement for ungane våre, og ser fram til å få jobbe med politikk som skal gje barn og unge tryggleik i kvardagen og tru på framtida, seier Vågslid.

Ho løftar fram barns skjermbruk som ei konkret oppgåve å ta tak i.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS