Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og energiminister Terje Aasland (Ap) held pressekonferanse om straum på Statsministerens kontor. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Slik skal Arbeidarpartiet kutte straumprisane – foreslår fast Noregspris på 40 øre

Arbeidarpartiet vil kutte straumprisane og foreslår å innføre ein fastpris på 40 øre per kilowattime (kWh) for heile landet.

Publisert Sist oppdatert

– Med Noregspris gir vi folk kontroll over straumprisen. Viss det viktigaste er å ha føreseielegheit, vil ein fast pris på 40 øre per kilowattime kunne vere eit godt alternativ til straumstøtte, seier Jonas Gahr Støre.

Fastprisen på 40 øre/kWh pluss moms vil vere eit valfritt alternativ til dagens straumstøtteordning, der staten dekkjer 90 prosent av kostnadene i enkelttimar der spotprisane er høgare enn 75 øre/kWh

– Vi gir folk eit val mellom to ulike ordningar, og dei kan sjølv avgjere kva som er rett ordning for dei, seier Støre vidare.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS