* For sekundærbustader blir verdsetjinga auka frå 90 til 95 prosent, medan hytter og fritidsbustader blir oppjusterte med 10 prosent.Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK

Slik verkar budsjettet på lommeboka:

Dei dyraste bustadene kan bli skattlagde kraftigare. Pumpeprisen skal ikkje lenger skjermast for CO2-avgift, og flypassasjeravgifta kjem tilbake.

Publisert

Finansminister Jan Tore Sanner (H) la tysdag fram det siste budsjettet til Solberg-regjeringa. Ei rekkje endringar i skattar og avgifter kan påverke lommeboka til folk.

Eit sentralt grep er å auke skattlegging av dei dyraste bustadene som er verd meir ein 15 millionar kroner. Viss dette er primærbustad, skal utrekningsgrunnlaget doblast til 50 prosent av den delen av bustadverdien som går over 15 millionar.

Norges Eiendomsmeglerforbund er skuffa over forslaget og meiner det gjer vegen kortare for å innføre gradvis høgare bustadskatt. Sanner trur likevel dette vil vere viktige endringar for å vri investeringane til folk frå bustad til næring.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS