Går utanom: Kjeringdalen er eit problemområde i dag med sine 7 % stigning. I forslaget som PMU fekk sjå er den nye vegen lagt i ei sløyfe på utsida som berre har 4 % stigning. Teikningane er førebels, og endringar kan skje.
Turid Hagelia Korshavn
Slik vil dei løyse problemområdet Kjeringdalen
Førre onsdag tok Statens vegevesen med politikarane i plan- og miljøutvalet i Vinje på ein digital tur frå Bøgrend og vestover langs vegprosjektet som er under planlegging.
– Frå Bøgrend følgjer vegen fyrst den gamle traseen, men så går me utanom Kjeringdalen i ei lang sløyve, forklarte Turid Hagelia Korshavn frå Statens vegvesen.
Vegvesenet har overtatt heile planprosessen for strekninga Bøgrend – Særensgrend, og PMU-politikarane får saka attende når det er klart for andre gongs handsaming. Det er likevel tett dialog mellom lokalpolitikarane og Vegvesenet, og eitt av måla med å besøke PMU-møtet var nettopp å få innspel til planane.
– Den gamle traseen gjennom Kjeringdalen har 7 % stigning, medan den nye berre vil ha 4 % stigning. Området der sløyfa vert lagt er ikkje bebygd, men det går høgspentleidningar der. Desse kan det bli aktuelt å legge i vegen, utdjupa Korshavn, før ho flytte seg vidare langs 3D-modellen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP