Den fyrste og den siste plata.

Slutt etter 55 år: Geirr Lystrup gir ut sitt siste album

Den folkekjære visesongaren Geirr Lystrup frå Vinje lanserer sitt siste album, Hender, den 21. mars 2025.

Albumet markerer avslutninga på ei 55 år lang karriere. Lystrup, som fekk diagnosen ALS i desember 2024, har no lagt gitaren bort.

Hender inneheld både samfunnsengasjerte songar og lyriske viser, og tittelsporet er ei oppmoding om handling. Innspelinga vart gjort sommaren 2024 med musikarar som Frode Berntzen og Hege Rimestad. 

Lystrup har gjennom karrieren gjeve ut rundt 40 album og over 30 bøker, og har blitt tildelt Spellemannprisen fem gongar. 

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS