Etterlengta tilskot: – Det er sikkert ti som har ringt, sa landbruksrådgjevar Thor Christiansen då plan- og miljøutvalet handsama retningsliner for det nye tilskotet til eigarskifte på gard.
Geir Ufs
Snart kan du få 200 000 av kommunen om du vil selje garden du ikkje bur på. – Sikkert ti som har ringt
Vinje skal innføre tilskot ved eigarskifte på gard i år. Tilskotsordninga skulle eigentleg bli utarbeidd i samband med ny landsbruksplan, men denne er ikkje klar enno. Dermed kjem det ei eiga sak for å få på plass retningsliner, slik at gardeigarar kan begynne å søke.
Det nye tilskotet gjer at grunneigarar som i dag eig ein landbrukseigedom dei ikkje bur på kan søke om å få 200 000 kroner i tilskot dersom dei sel denne eigedomen til ein person som buset seg der.
– Det er sikkert ti som har ringt, sa landbruksrådgjevar Thor Christiansen då plan- og miljøutvalet handsama retningsliner for det nye tilskotet førre onsdag.
I retningslinene stod det opphavleg at tilskotet skulle gjelde generasjonsskifte men det vart for snevert, meinte Hans Martin Huse (uavhengig).
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP