Gler seg: Daniela Plozicki er gira på å drive landhandel på Felle. I april opnar ho butikkdøra for kundane.

Snart klart for gjenopning av nærbutikken

I 2022 blei drifta av nærbutikken på Felle i Nissedal kommune lagt ned. I april skal mangeårig butikkarbeidar Daniela Plozicki syte for at innbyggarane i bygda og hyttefolk kan handle lokalt att.

Publisert

I 1990 blei det starta butikk på Felle. Drifta heldt fram til 2013, men då blei det stopp nokre månader før folk igjen kunne handle der. I 2022 blei det slutt på det lokale tilbodet i bygget, som nå er eigd av firmaet T. Felle og sønner.

Nyleg blei det kjent at 10. april 2025 er det klart for gjenopning. Det syter Telemark Panorama Servicesenter AS for. Dei har døypt butikken til Snarkjøp Felle.

– Dette blir gøy, og dette har me jobba for i lengre tid. Det er veldig mykje idealisme som gjer at det blir butikk, seier Tore Skåli.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS