Fristen for å søkje høgare utdanning via Samordna opptak går ut onsdag klokka 14. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Søknadsfristen for høgare utdanning nærmar seg

Årets studiejakt byr på rekordmange studieplassar. Onsdag denne veka går fristen ut for å søkje høgare utdanning gjennom Samordna opptak.

Publisert

I år blir det tilbode 74.741 studieplassar ved fagskulane, høgskulane og universiteta i landet, ifølgje Samordna opptak. Dette er marginalt fleire enn i fjor, men like fullt ny rekord.

– Det er mange spennande utdanningar å velje for dei som no skal byrje å studere, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) til NTB.

– Det er jo sjølvsagt viktig å velje noko ein vil, samtidig vil eg tilrå å setje seg inn i kva samfunnet treng og som gir ein trygg og god jobb, legg han til.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS