Søndag er det vintertid igjen
Natt til søndag 27. oktober er det slutt på sommartida, og klokka skal stillast ein time tilbake.
Den historiske grunnen til sommartidsordninga var energisparing. Nokre land innførte sommartid under første verdskrigen for å spare kol som skulle brukast i krigen. Det blir sagt at George Hudson frå New Zealand var den første som foreslo sommartid i 1895. Han var forskar og ønskte seg meir sol på kvelden for å drive med insektsamling.
I 2018 foreslo Europakommisjonen å avskaffe ordninga med sommartid. Likevel har EU enno ikkje konkludert i saka, og det er uklart når det vil skje. Europaparlamentet bad i 2021 Rådet for den Europeiske Union, som består av medlemslanda i EU, om å få fortgang i arbeidet. Saka er framleis til behandling hos Rådet for den Europeiske Union.
Artikkelen held fram under annonsen.
Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) er ansvarleg for Justervesenet og dermed tida.
– Vi ser til EU før vi tek stilling til om vi skal slutte å stille klokka. Det gjer vi av fleire omsyn, men det er klart at det vil vere ein fordel for næringslivet å ha same tid som våre næraste naboland, seier næringsminister Cecilie Myrseth (Ap).
(©NPK)