Sommartida er over: Det er igjen tid for å stille klokka. Og om du lurar; klokka skal stillast tilbake. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Søndag skjer det igjen – difor stiller me klokka
Sidan i vår har klokka vore stilt éin time fram. Klokka 3 natt til søndag får me timen tilbake og går tilbake til normaltid.
Det går mot mørkare og kaldare tider. Når me stiller klokka tilbake igjen, blir det lysare om morgonen og raskare mørkt på ettermiddagen enn ved sommartid.
Men me har ikkje alltid stilt klokka, og ordninga med sommartid og normaltid kan bli avvikla innan få år. EU-kommisjonen gjekk i 2019 inn for eit forslag om å avvikle sommartid, men Rådet har ikkje vedteke forslaget som EU-kommisjonen har lagt fram. Dermed er det førebels ikkje klart om ein vil jobbe vidare med forslaget i EU.
Men skulle det bli vedteke, er det opp til kvart enkelt land å bestemme om landet skal bruke sommartid eller vintertid som normaltid. Det kan føre til auka tidsforskjellar i Europa.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP