Ein glimrande soppsesong er i gang, seier ekspertane. Skogens gull, kantarellen, er allereie å finne mange stader.Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Soppekspert: – Dårleg bikinisesong fører til glimrande soppsesong
Soppsesongen i år er allereie i gang, og 2024 ligg an til å bli endå eit glimrande soppår. Det er berre å komme seg ut i skogen, seier ein ekspert.
– Ein varm og tørr mai etterfølgd av litt dårleg vêr i feriemånaden juli har ført til at det blir ein glimrande soppsesong, seier soppekspert Kolbjørn Mohn Jenssen.
Han fortel at skogane rundt om i landet allereie kryr med store mengder kantarellar, steinsopp, kremler og sjampinjongar.
– Her hadde vi sopp til både lunsj og middag i går, fortel soppeksperten.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP