Djupt skuffa: Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven. Arkivfoto.

Sp-ordførar: – Har mista fullstendig trua på distriktspartiet Senterpartiet

Ordførar Jon Rikard Kleven er djupt skuffa over skattegrepet til regjeringa, som potensielt vil føre til inntektstap i hundremillionarsklassa i Vinje.

Publisert Sist oppdatert

Onsdag denne veka la statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) fram planane for å hente inn 33 milliardar kroner til statskassa, i hovudsak gjennom skattlegging av kraft- og havbrukssektorane. Regjeringa skal også etter planen gjennomføre eit eittårig trekk på til saman 3 milliardar kroner frå kommunar og fylkeskommunar som har inntekter frå konsesjonskraft.

– Det kom som lyn frå klar himmel, det var ingen dialog, inga konsekvensutgreiing. Eg synest det er særs alvorleg, seier ein tydeleg engasjert Kleven.

Han var på veg til ein konferanse då han høyrde regjeringas forslag bli lagt fram på radioen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS