Geir Pollestad (Sp)

Sp-vedtak i Stortinget: Blank nei til turistskatten til regjeringa

Senterpartiet avviser ein turistskatt som partiet meiner rammar breitt og ukritisk over heile landet. No har partiet vedteke sin eigen modell.

Publisert

– Beskjeden vår til næringsministeren og regjeringa er at dei ikkje får støtte frå Senterpartiet til den modellen dei ønskjer. Regjeringa kan sjå heilt vekk frå å få fleirtal for den ordninga, seier parlamentarisk leiar Geir Pollestad i Senterpartiet til NTB.

Stortingsgruppa til Senterpartiet vedtok tysdag å avvise forslaget frå regjeringa om å gi kommunane eit høve til å innføre ein såkalla turistskatt. Forslaget inneber at kommunane frå 2026 skal kunne leggje ei avgift på overnatting.

Forslaget har møtt kraftig motstand i reiselivsnæringa og hos delar av opposisjonen på Stortinget. Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) har allereie varsla at forslaget truleg blir endra før det blir lagt fram for behandling i Stortinget.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS