Trekkjer ikkje tilsegnet: Det er utfordringar ved kjøkkenet og vaskeriet på Nissedal omsorgssenter. Kostnaden for diverse satsingar ved senteret er oppe i 38,5 millionar kroner. Sjølv om byggestart er utsett fram til våren/sommaren, opprettheld Husbanken tilsegnet på over 21 millionar kroner i tilskot.

Stadfestar at Husbanken ikkje trekker tilsegn. – Har vore positive og samarbeidsvillige

Mangelen på plassar ved Nissedal omsorgssenter førte til eit politisk vedtak om å setje eit planlagt byggeprosjekt til 38,5 millionar kroner på vent. Det blei stilt spørsmål ved om Husbanken då ville trekke tilbake tilsegna om over 21 millionar kroner i støtte til prosjektet, men dette er ikkje tilfellet.

Publisert

I budsjetthandsaminga for 2023 vedtok Nissedal kommunestyre ei nødvendig utbygging av omsorgssenteret i Treungen, med ein kostnadsramme på 38,5 millionar kroner. Prosjektet skulle finansierast gjennom eit kommunalt lån på 9,9 millionar kroner, 7 690 000 kroner i momskompensasjon, samt eit tilsagn om 21 150 000 kroner i tilskot frå Husbanken.

I april sette prosjekterings- og byggenemnda (formannskapet) prosjektet på pause i påvente av ei analyse av det framtidige behovet for sjukeheimsplassar. I eit møte rett før sommarferien vurderte nemnda det vedtekne byggeprosjektet opp mot dette behovet. Kommuneadministrasjonen informerte om at heile det 50 år gamle senteret burde vurderast på nytt. Den planlagde utbygginga ville føre til at nødvendige pasientrom forsvann, og det noverande talet på sjukeheimsplassar er alt for lågt.

Veldig fornøgde

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS