Går trygt: Det blir ikkje noko vinteruttak av villrein på Hardangervidda, har regjeringa bestemt.

Staten seier nei til vinteruttak av rein

Regjeringas avgjerd er i tråd med ynske frå interesseorganisasjonar og grunneigarar.

Publisert Sist oppdatert

Regjeringa har bestemt at det ikkje blir noko statleg uttak av villrein på Hardangervidda i år, rapporterer VG torsdag. Avisa skriv vidare at dei har fått dette stadfesta. Kort tid etter melde regjeringa den same nyheita.

Mattilsynet har meint at ei slik jakt kunne vera forsvarleg, som eit ledd i å førebygge vidare spreiing av skrantesjuke, men dette har møtt sterk motstand både frå organisasjonar og grunneigarar.

Fleire grunneigarar sendte førre veke brev til mat- og landbuk-, samt klima- og miljødepartementet, der dei varsla at dei ville nekte staten å jakte på deira grunn.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS