Geir Ufs
Statkraft må ut med 200 000 i året for å vera med og fremje fiske og friluftsliv
Som fylgje av vilkårsrevisjonen for Tokke-Vinje-vassdraget må Statkraft bidra med totalt 200 000 kroner i året til å fremje fisk, vilt og friluftsliv i dei to kommunane.
Statkraft må betale 150 000 kroner til Vinje kommune og 50 000 kroner til Tokke kommune i året. Pengane går inn i eit fond som skal fremme fisk, vilt og friluftsliv i kommunane. Dette er eitt av vilkåra knytt til framleis regulering av vassdraget som blei vedtatt i juni i fjor.
Vinje kommune vedtok nyleg retningsliner for kven som kan søke om midlar. Her blei det mellom diskutert om næringstiltak skal kunne vera med i ordninga. Rådmannen meinte at slike tiltak burde falle utanfor, men politikarane ville ikkje setje denne avgrensinga.
Om formålet til fondet heiter det: «Fondet skal nyttast til tiltak for fremme av fisk, vilt og friluftsliv, inkludert praktisk tilrettelegging for jakt, fiske og friluftsliv i Vinje kommune. Tiltak som kan støttast må ha eit allmennyttig formål. Tiltak må ikkje kome i konflikt med gjeldande regelverk, medrekna lakse- og innlandsfiskloven, viltloven og friluftsloven. Tilskot frå fondet kan gjevast til både enkelttiltak og forsøksprosjekt, men det blir ikkje gjeve tilskot til ordinær drift.»
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP