Statkraft-sjefen: – Historisk sett, så har vi ikkje veldig høge straumprisar
Statkraft-sjefen trur at straumprisane blir lågare i 2025 enn dei siste åra, men åtvarar om at prisane kan auke framover viss det ikkje blir bygd ut nok kraft.
– Ser du historisk på det, så har vi ikkje veldig høge straumprisar i Noreg no. Justerer du for inflasjon, justerer du for valutakursar, så er det ikkje slik at vi har veldig høge straumprisar, seier Statkraft-direktør Birgitte Ringstad Vartdal til NTB.
Men ho åtvarar:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Viss vi ikkje er villige til å byggje ut noko som helst meir kraft, då kjem prisane på sikt til å gå opp.
Varierande prisar
Ifølgje kraftbørsen Nordpool enda snittet for spotprisen på straum i Noreg på 58,2 øre / kWh i fjor i den dyraste straumprisregionen NO2, som omfattar delar av Vestlandet og Sørlandet.
På Austlandet var prisane noko lågare (48,7 øre / kWh), medan det var mykje lågare i Nord- og Midt-Noreg.
Ser ein på SSBs statistikkserie for heile landet, som går tilbake til 2012, så har prisane variert frå 20,1 øre / kWh (ekskl. avgifter) på det lågaste i 2020, til 149, 6 øre/ kWh i toppåret 2022 i tolvårsperioden. Snittet mellom 2012 og 2023 er på 51 øre /kWh.
I same periode har den generelle prisstiginga vore på 38 prosent.
– Vi forventar ein lågare pris for 2025 enn det har vore dei siste åra. Forventninga i marknaden er på 35–40 øre / kWh. Vi kan ikkje gå ut med våre eigne prognosar på grunn av konkurranseomsyn, seier Vartdal.
– Korleis kan de i Statkraft bidra til at straumprisane ikkje blir for høge?
– Vi bidreg både med å utvikle ny kraftproduksjon, og med effektoppgraderingar, som gjer at vi kan produsere meir når prisane er høge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Massive investeringar
Dei neste åra planlegg Statkraft, som allereie er Europas største produsent av fornybar energi, milliardinvesteringar til å oppgradere norske vasskraftverk. Dette vil bidra til å halde straumprisane nede, påpeikar Vartdal.
– Med effektoppgraderingar på vasskraftverka, kan vi produsere meir energi på dei tidspunkta det trengst mest. Det vil bidra til å dempe prisane i dei dyraste timane, seier ho.
I tillegg jobbar Statkraft med fleire nye vindkraftprosjekt på land, og oppgraderingar av eksisterande vindparkar.
– Vi utnyttar vatnet bra i dag, og derfor er det ikkje så mykje meir energi å hente der. Viss vi skal ha ny energi, så er det vindkraft på land som gjeld i det korte biletet, og havvind i det lengre biletet, seier ho.
Tek tid
Men det vil uansett ta tid før ny vindkraft er på plass.
– Viss vi lykkast med konsesjonsprosessar og anna på vindkraft, så er det nok tidlegast klart seint på 2020-talet, og meir inn på 2030-talet.
– Kunne de ha jobba raskare for å skaffe oss meir kraft?
– Vi er opptekne av å gjere grundige prosessar. Så kunne vi, som alle andre, sikkert starta før. Men for ein del av vasskraftverka som vart bygde ut for lenge sidan, så er det no det er rett timing å gjere det, sånn aldersmessig.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Må vi forvente høgare prisar i åra som kjem?
– Meir fornybar energi på kontinentet, og forhåpentleg etter kvart også i Noreg, vil bidra til å halde prisane nede. Samtidig er det mykje industriutvikling og elektrifisering under planlegging som vil presse prisane i motsett retning, seier Vartdal.
(©NPK)