Vesåstippen: Datasenteret vil ha god utsikt frå plasseringa på Vesåstippen. Både Statsforvaltaren og Naturvernforbundet meiner planane kan øydelegge naturtype av «nasjonal interesse» som i dag er på staden.
Asplan Viak
Statsforvaltaren meiner planane for datasenteret kan øydelegge ei eng «av nasjonal interesse», men fremjar ikkje motsegn
Både offentlege instansar og dei lokale har levert sine høyringssvar til planforslaget om datasenter i Vinje. Konsekvensar for naturen og kulturlandskapet blir trekt inn av fleire.
Naturtypen Statsforvaltaren er uroa for, som vart registrert som ein del av konsekvensutgreiinga, er «eng-aktig sterkt endra fastmark». Det spesifikke området på Vesåstippen vart vurdert til å vera av «høg kvalitet, med sentral økosystemfunksjon», og er med det å rekne som ei nasjonal interesse jamfør eit rundskriv frå Klima- og miljødepartementet.
Asplan Viak, som har laga planforslaget på oppdrag frå kommunen, skriv i konsekvensutgreiinga at «verdisetjinga for denne spesifikke naturtypelokaliteten er overestimert» og har vurdert området til å ha «moderat» verdi. I ei seinare utdjuping til kommunen forklarar Asplan Viak at dei gav ein lågare verdi ettersom dei meiner at naturtypen er eit resultat av menneskeskapt, industriell massefylling frå 60-talet og dermed mindre verdt enn «ei slåttemark som har utvikla seg (...) over fleire hundre år».
Statsforvaltaren meiner Asplan Viak har tatt for store fridomar i denne vurderinga.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP