Tømmerlageret: Øyfjell Sag og Høvleri er i vekst og treng lagerplass. Dei siste to åra har dei hatt mellombels dispensasjon til å nytte dette jordet til lager. No ønskjer dei ei varig omregulering til dette føremålet. Desse planane har vore på høyring i vår.
Åshild Emma Solbjør
Statsforvaltaren om tømmerlageret på dyrka mark i Straumekrysset: – Svært uheldig at dispensasjonssakene ikkje er sende til oss
Planane for å omregulere eit jorde ved Straumekrysset i Øyfjell til tømmerlager har vore på høyring i vår. Statsforvaltaren meiner kommunen må gjere ei grundigare jordbruksfagleg vurdering, og ber derfor om at høyringsfristen vert utsett.
– Både landbruksdirektøren og miljødirektøren finn at planforslaget som ligg føre er i vesentleg konflikt med nasjonale interesser som jordvern og støy, skriv seniorrådgjevar hos Statsforvaltaren, Lene Ottesen i ein e-post til Vinje kommune.
Øyfjell Sag og Høvleri har alt tatt i bruk jordet det er snakk om som tømmerlager, sidan kommunen gav ein mellombels dispensasjon til dette 2021. Verksemda hadde også ein tilsvarande søknad i 2019, der dei fekk varig omdisponert til saman 14 dekar dyrka og dyrkbar mark. Men ingen av desse sakene vart sende til Statsforvaltaren for uttale, og det reagerer Ottesen på.
– Me vil her presisera at me finn det svært uheldig at dispensasjonssakene ikkje er sende til oss. Me forventar å få tilsendt alle dispensasjonssaker som omfattar våre fagområde, inkludert saker som omfattar jordvernet. Me ønskjer òg å få alle vedtak i desse dispensasjonssakene. Me føreset at dette blir følgt opp av kommunen i dispensasjonssaker framover.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP