Utbyggjar ynskjer å leggje til rette for hyttebygging på Skjerodden, Fiskodden og Søndingen i Vrådal.
Elin Fjalestad
Statsforvaltaren stoppar hytteplan. Området var ikkje godt nok naturkartlagt
I fjor sommar vedtok Kviteseid kommune reguleringsplanen for Fiskebekk-Straumen i Vrådal. Nå opphevar Statsforvaltaren vedtaket fordi kunnskapsgrunnlaget om naturmangfald var for dårleg.
Området Fiskebekk–Straumen vart regulert til hyttebygging i 2000. Grunneigar Halvor Nordbø ynskte å utvide hyttefeltet med fleire tomter, og laga ein reguleringsplan for området. Den nye reguleringsplanen, som inneheld tre nye byggjeområde med totalt 19 tomter, vart samrøystes vedteke i kommunestyret i Kviteseid i juni i fjor.
Tok ikkje klagene til følgje
Etter det mottok kommunen fleire klager, blant anna frå hyttenaboar. Dei reagerte på at friområde nå vart utbygd, at fleire av tomtene låg mindre enn 50 meter frå vatnet, og at det ikkje var tatt omsyn til jordvern sidan fleire tomter låg på dyrkbar mark. Klagarane viste også til at det ikkje var utført ei naturkartlegging etter NiN-metoden og stilte blant anna spørsmål til om trua artar var kartlagt i området Toskekilen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP