Stenger: Kvitsund Gymnas følger dei andre skulane i Vestfold og Telemark og stenger skulen frå og med måndag. I løpet av helga blir det tomt her, og elevane får nettundervisning, seier rektor Edgar Gamst Kristoffersen.

Stenger skular og barnehagar, og avlyser arrangement

Skular og barnehagar blir stengt. Kultur- og idrettsarrangement blir avlyst.

Torsdag vedtok Vestfold og Telemark fylkeskommune å stenge alle dei vidaregåande skulane i fylket. Det same gjeld for Kvitsund gymnas. Skulane blir stengt frå og med måndag 16. mars, og elevane skal få undervisning digitalt.

Kort tid etter stadfesta statsminister Erna Solberg at alle skular og barnehagar blir stengt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var torsdag ettermiddag framleis ikkje stadfesta nokon personar i Vest-Telemark som var smitta av koronaviruset, men kommunane er førebudde på at det berre er eit spørsmål om tid.

Kommunelege Marius Opsahl sa i kommunestyremøtet i Vinje torsdag at han trur det er smitta personar i Vinje kommune.

– Ikkje viss, men når

Kommunane har i tråd med stadig nye signal frå styresmaktene tatt grep for å unngå at koronaviruset spreier seg.

– Det er ikkje eit spørsmål om viss, men når det kjem hit. Då må me vera førebudde, seier Une Marit Aarbakk Tangen til VTB.

Kommunen har avlyst alle eigne kulturarrangement. Det betyr at det ikkje blir noko gospelkonsert i Moland kyrkje 17. mars og det blir heller ikkje noko konsert i Veum kyrkje 1. april. Dessutan blir bassenget stengt, og det blir sendt ut ei oppdatering til næringslivet om reiseråd.

Til helga var det venta 150–200 til skiskyttarstemnet i Fyresdal. Dette er naturleg nok også avlyst.

Rådmann Tangen seier også at dei tilsette i kommunen får ei oppmoding om å ikkje reise meir enn nødvendig, og helst ikkje utanlands.

– Då tenker me på at det ikkje er nødvendig å reise på kurs og møte som kan bli tatt på telefon eller Skype, i staden for å samle 150 personar i eit auditorium, seier Tangen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho seier også at det vil vera beredskapsmøte 1–2 gonger i veka. Rådmannen er spent på påska som utgjer ein stor del av næringsgrunnlaget for matbutikkane.

– Me må ikkje bli hysteriske, men det kan aldri bli nok informasjon, seier Tangen.

Stengt for pårørande

Rådmann i Vinje, Jan Myrekrok, opplyste til VTB onsdag at Norheimstunet omsorgssenter, Rauland omsorgssenter, Bruli og Vinje sjukeheim er stengt for pårørande og alle som ikkje bur eller jobbar der. Pårørande som vil ha kontakt med sine, må ta kontakt på telefon.

Det er innført reiserestriksjonar for alt nøkkelpersonell, inkludert alt helsepersonell. Nøkkelpersonell som har vore på reise er sett i heimekarantene i 14 dagar.

Frisklivsentralen avlyser all gruppeaktivitet inntil vidare, dette gjeld både seniorgrupper, treningsgrupper på sjukeheimen, kolsgrupper og dei andre treningsgruppene. Dei som har behov for indivdiuell behandling blir fylgt opp. Dette gjeld inntil ny beskjed frå smittvernlege.

Fysioterapien: Alvorleg lungesjuke pasientar, pasientar med teikn til luftvegsinfeksjon (uavhengig av om dei har vore ute og reist eller ikkje), pasientar som har vore ute og reist i risikoområde eller vore i kontakt med nokon som har vore på reise i risikoområde skal ikkje ha behandling.

– Kommunens kriseleiing møtest kvar dag for å evaluere situasjonen og drøfte førebyggjande tiltak, melder rådmannen.

– Det er ein svært alvorleg situasjon landet vårt og verda er i. Korona er ikkje farleg for dei aller fleste, og prioriteringa vår er å sikra sårbare grupper og sikra drift av helsetenestene våre, held han fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Besøksrestriksjonar

Seljord-rådmann Finn-Arild Bystrøm seier dei følgjer dei nasjonale råda frå helsestyresmaktene når det kjem til arrangement. Det same gjeld for dei tilsette og reiser.

– Me vurderer fortløpande naudsynte lokale tiltak, understrekar Bystrøm.

Kommunen opplyser på heimesida si at det no er innført besøksrestriksjonar.

– Der er særs viktig at me ikkje får koronaviruset (Covid-19) inn på vår institusjon og våre bu- og servicesentre. Her er fleire med dårleg helsetilstand som vi må beskytte. Dette gjer me best ved å unngå å utsette pasientar og personalet for alle former for luftvegssmitte, melder Seljord kommune.

Der vil dei ikkje ha besøk av:

– Personar som i løpet av dei siste 14 dagane har vore i geografiske område med høg førekomst av koronasmitte.

– Personar som har vore i nærkontakt med folk som har fått påvist Covid-19.

– Personar med alle formar for luftvegsinfeksjonar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dersom det av ulike grunnar likevel er naudsynt å besøkje nokon som bur på vår institusjon eller våre bu- og servicesentre, så må den enkelte avtale det med vakthavande pleiar, melder kommunen.

Tokke innfører strengare tiltak

Tokke kommune stenger symjebasseng, treningsrom og alle kommunale bygg for arrangement.

Det betyr at kommunen stenger fleire bygg for arrangement; Tokkehallen, kulturhuset, Elvarheim, Høydalsmo samfunnshus og symjebasseng, Åmdals Verk samfunnshus og grendehusa i Skafså, Byrte og Lårdal.

Kommunehuset stenger for utlån til arrangement. Biblioteket held ope, og små møte med få personar kan finne stad.

Kommunen avlyser også fleire arrangement, førebels gjeld det russe kickoff, all aktivitet på Elvarheim og den kulturelle skulesekken.

Tilsette i kommunen skal ikkje delta på møte utanfor kommunen utan godkjenning frå leiar. Kommunen tilrår på det sterkaste at innbyggarar reiser minst mogleg og ikkje besøker stadar der dei kjem i kontakt med mange menneske, som til dømes utanlandsreiser og kjøpesenter, skriv Felland.

Kommunen har kutta ut eigne kulturarrangement og kino fram til påske. Solfesten er avlyst. Badstoga Soria Moria er stengt fram til påske.

Stenger Kviteseidhallen

– Per i dag har me ikkje innført tiltak utover dei som Folkehelseinstituttet ber oss sette i verk. Likevel: Det er bestemt at ZuluLan blir avlyst, seier Kviteseid-rådmann Øystein Tveit, og legg til at alle dei tilsette blir bedne om å følge dei generelle reiseråda.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er situasjonen akkurat no. Korleis det ser ut i morgon er for tidleg å seie noko om, sa Tveit til VTB onsdag.

Ordførar Bjørn Nordskog opplyser torsdag at Kviteseidhallen er stengt og at kulturskulen stengjer.

Fylgjer styresmaktene

Nissedal kommune hadde onsdag ikkje sett iverk tiltak utover råda frå styresmaktene.

Rådmann Sverre Sæter seier dei har eit konkret tilfelle der ein tilsett i kommunen har bestilt reise utan reiseforsikring til ein plass i Austerrike som i dag ikkje er annsett som risiko-område. Den tilsette er helsepersonell. Til denne problemstillinga svarar kommunen:

– Det er vanskeleg å tyde kva råda til FHI eigentleg seier – dei er tvetydige. Det finst inga lov som gjer at arbeidsgivar kan nekte sine tilsette ei slik reise, men det er sjølvsagt viktig at kvar og ein arbeidstakar vurderer kva konsekvensar det kan få i forhold til den stillinga ein har. Om kommunen nektar ein tilsett å reise, kan ein risikere at kommunen må betale tapet som den tilsette blir påført som følgje av dette, seier Sæter.

– Kommunen forheld seg til dei råda som vert gjeve av FHI – dette gjeld også kva for område som er rekna som risiko-område. Det er strengare reiseråd for helsepersonell enn andre tilsette, held han fram.