Stenger vegen mellom Seljord og Bø att 1. desember
Rv36 blir igjen stengt for trafikk mellom Sanden camping og vidare mot Seljord i samband med utbygginga av Buktiparsellen.
– Vegen vert halde stengd samanhengande i fem månader og opnar igjen 1. mai 2021, melder Statens vegvesen i ei pressemelding.
Årsaka til stenginga er omfattande sprengningsarbeid og dessutan arbeid med ny veg som vil krysse dagens veg i anna høgde.
Artikkelen held fram under annonsen.
Personbilar må køyre på vestsida av Seljordsvatnet, om Garvikstrondi. Tunge køyretøy må bruke E134 om Notodden og Hjartdal som omkøyringsveg.
Dei som bur nærast blir varsla med SMS i god tid før sprengingsarbeid. Hus- og hytteeigarar i anleggsområdet er oppmoda til å ta kontakt med entreprenør for å gjere seg kjent med tilhøva.
Dette er siste stengeperiode på prosjekt Rv36 Bø-Seljord. Stodiparsellen er ferdig og vegen har vore open sidan 1. mai 2020.