Gode føresetnader: – Hardangervidda har eigentleg gode føresetnadar for å vera eit godt areal som kan tilby reinen alle ressursar og beite den treng gjennom heile året, innleidde Lena Romtveit frå Norsk villreinsenter på Skinnarbu.
VTB
Stenging av turisthytter, vinterstengt riksveg og regulering av fritidsaktivitetar – dette er blant tiltaka som skal gjere levekåra betre for villreinen
Statsforvaltaren i Oslo og Viken presenterte denne veka tiltaksplanen for villreinen på Hardangervidda.
Prosjektet, der mellom anna Norsk villreinsenter er med som sekretariat, vart bestilt av Miljødirektoratet i november 2022, med føremål om å betre situasjonen for bestanden på Hardangervidda. Onsdag presenterte prosjektgruppa føreslåtte tiltak for å oppnå nettopp dette.
– Hardangervidda har eigentleg gode føresetnadar for å vera eit godt areal som kan tilby reinen alle ressursar og beite den treng gjennom heile året, innleidde Lena Romtveit frå Norsk villreinsenter på Skinnarbu.
Ho fortalde om den faglege bakgrunnen for prosjektet, og opplyste at reinen på Hardangervidda, trass gode geografiske føresetnadar, slit. I ei omfattande kartlegging av bestanden fekk den «ikkje godkjent». Den lågaste slaktevekta på kalv i heile landet er blant årsakene til det. Reinen på Hardangervidda skårar også dårleg når det kjem til arealbruk.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP